FAU informerer:
Foreldregruppa har i brukarundersøking uttrykt at dei ynskjer eit meir aktivt og synleg FAU og SU. Difor informerer me no om møtetid og saker som er under arbeid...Dersom de har saker som de ynskjer å ta opp, så kontakt foreldrerepresentantane.
Aktuelle saker som FAU arbeider med no:
Trafikksikring - Sirevegen: FAU i Torpo barnehage og ved Torpo skule har no eit samarbeid for å gjera skulevegen og strekningar som barnehagen ferdast mykje på meir trafikksikker. For oss i barnehagen er det spesielt viktig med fartshumper ved overgangen Sirevegen og skilting/lågare fartsgrense der me går over.
Leirplass: Arbeidsgruppe er etablert for å få på plass ein permanent gapahuk på leirplassen vår ovanfor fotballbanen. Her har me tankar/er på gang med eit samarbeid med idrettslaget.
(
29/04/2012
)
|