styrar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Barne - og ungdomsarbeider
Assistent
Barne - og ungdomsarbeidar
Assistent
Fagarbeider
Assistent
(
03/09/2015
)
Torpo barnehage er ein kommunal barnehage, godkjent for 48 plassar. Den ligg i Torpo sentrum (mellom Ål og Gol). Les meir under: Om barnehagen: Torpo barnehage består av to avdelingar, ein for små barn og ein for større barn. Det er 29 barn som har plass barnehageåret 2015-16, 36 plassar pr. dag. Opningstida er frå kl 07.00 - 17.00, om ikkje anna er avtalt med foreldra. Barnehagen dekkjer i hovudsak behovet for Torpo og Opheim. I tillegg er det enkelte barn frå andre stader i Ål kommune. Torpo
Torpo er ein liten tettstad med ca 800 innbyggjarar. Det er 12 kilometer til Sundre, som er administrasjonssenteret i Ål kommune. På Torpo finn du barneskule, landbruksskule, butikk, kyrkje og bilverkstad. Omgjevnader
Barnehagen er bygd i same stil som Ålhyttene. Me ligg kjempeflott til med lysløype, fotballbane, tennisbane, symjehall, gymsal og svært variert uteområde både innanfor og utanfor gjerdet. Me har eigen leirplass med ny, fin gapahuk, som me nyttar heile året. Me nyttar nærmiljøet aktivt til turar og aktivitetar. Historikk Barnehagen stod ferdig hausten 1978. Det er det eldste "barnehagebygget" i Ål kommune, og den nest eldste barnehagen. Det var ein barnehage med 16 plassar. Etter nokre år vart det bygd på litt ekstra areal ved kjøkkenet, slik at det vart plass til 18 barn. Åra gjekk og etterkvart vart det større behov for barnehage. Etter eit par år med ein midlertidig familiebarnehage i Opheim, så vart det bygd ut i 1998, til ein barnehage med 36 plassar. Siste påbygging stod ferdig i 2009, då me fekk ny garderobe, og nytt kjøkken. Sommaren 2015 vart eit nytt tilbygg ferdig med garderober, kontor for styrar og ped.leiarar, møterom, pauserom og lagerrom. Bygget er også etterisolert og har fått ny farge. I tillegg har me fått utbetra parkeringa for både foreldre og tilsette. Dette var ei god og nødvendig oppgradering og me er så glad for at det vart ein realitet!
|
||||||