STYRINGSDOKUMENT:
Rammeplanen er barnehagen sitt viktigaste styringsdokument. Rammeplanen er basert på barnehagelova. Det er også utarbeidd ulike temahefter i tilknytning til Rammeplanen, som gjev oss høve til fagleg fordjuping. I tillegg har me kommunale og lokale dokument som også er med på å styre barnehagen som verksemd:
· Målkart med fokusområde for oppvekstsektoren. Det er basert på dokumentet «Betre læring i Ål kommune» med fire innsatsområder:
1. Tidleg innsats
2. Tilpassa opplæring
3. Formidling og kulturarbeid 4. Fysisk fostring og psykisk helse
· Årshjul for Ål kommune, oppvekst og vårt eige årshjul for den pedagogiske verksemda.
· BU-hefte, Godt språk!
Ut frå dette blir barnehagen sin årsplan og månadsplanar utarbeidd. For Torpo barnehage er det viktig å tilpasse styringsdokumenta til vår drift og vår pedagogiske tanke. Det skal vera ein samanheng mellom det me blir pålagt å gjera, korleis me ynskjer å arbeide – og det me faktisk gjer!
PEDAGOGISK GRUNNSYN, ARBEIDSMÅTAR, PEDAGOGIKK OG VISJON:
Alle delane me omtalar her har vorte til gjennom grundige arbeidsprosessar i barnehagen. Det er viktig og nyttig å ha klart kva for retning ein arbeider mot. Visjonen er vår ledestjerne. Det pedagogiske grunnsynet er meir som ein grunnmur der me må byggje vidare med arbeidsmetodar og pedagogisk innhald. Dette er områder som også må evaluerast jamleg og justerast i takt med samfunnsendringane.
4.Visjon: · Du og eg - saman om noko! |
3.Pedagogikk: · Vektlegging av leik som den viktigaste læringsarenaen i barnehagen · Fokus på barn si medbestemming og barna sine interesser · Tverrfagleg og prosjektbasert fokus |
2.Arbeidsmetodar: · Barnegrupper og samtaler · Fri dagsrytme · Deltakande vaksne i leik, omsorgssituasjonar og tilrettelagte situasjonar · Bruk av digitale verktøy |
1.Pedagogisk grunnsyn: · I Torpo barnehage ser me på barn som kompetente og likeverdige med vaksne · Me vektlegg barn si medbestemming og møter dei med respekt i leik, omsorgssituasjonar og tilrettelagte aktivitetar · Me ynskjer ein kvardag fylt av glede og godt humør |
MEIR OM KORLEIS ME ARBEIDER MED:
1.Pedagogisk grunnsyn: Sjølv om me ser på barn som kompetente og like mykje verdt som vaksne, så betyr ikkje det at dei kan like mykje som vaksne. Difor må dei tilsette vera tydelege vaksenpersonar som kan hjelpe barna på vegen i danninga mot å bli sosiale individ som kan balansere eigne behov opp mot gruppa -eller andre -sine behov. Det er viktig å ta barna på alvor og møte dei der dei er. Dette gjeld i alle situasjonar i barnehagedagen. Me opplever også at glede og humør er viktig for alle menneske, uansett alder. Det har me alltid tid til!
2. Arbeidsmetodar: Ei romsleg og fri dagsrytme er vårt viktigaste hjelpemiddel for å få til reell medbestemming frå barna. Dette gjeld i aukande grad etter modning og alder hjå barna. Me arbeider med medbestemming både knytt til dagsrytme og knytt til barnegrupper, fagområder og prosjekt. Me har få fastlagte aktivitetar der alle må vera med, men ser det som viktig å gje barna tilbod som dei kan velje å delta på. Det ligg likevel rammer der som me vaksne må passe på. Alle skal vera ute ei god økt i løpet av dagen, alle skal få mat, omsorg og me skal oppføre oss hyggeleg mot kvarandre. Me har arbeidsfordeling og system som ivaretek dette.
Barnegruppene er delt i tre områder: 1. Matgruppe 2. Leikgruppe 3. Turgruppe.
Målet er å gje barna høve til å planlegge, gjennomføre og evaluere prosessen i si gruppe. Det er også ein måte å få alle deltakande på, uansett om ein er stille eller aktiv. Gruppene skal gje barna nye opplevingar og me ser arbeidet i samanheng med prosjekt og fagområde. Kvar gruppe skal gje tilbod om ein aktivitet kvar veke. Barn på andre grupper får også tilbod om å delta på aktiviteten, men planlegging og evaluering er i hovudsak lagt til dei som har valgt gruppa. Arbeidet med barnegrupper er mest synleg på stor avdeling, men også liten avdeling deltek. Dei vaksne fordeler seg på dei tre gruppene og har ansvaret for framdrifta i prosessen. Deira rolle er å vera lydhøyr for barna sine innspel, men samtidig koma med nye innspel og idèar. Val av barnegruppe fylgjer fagområdene, med bytte kvar månad.
Me nyttar ulike digitale verktøy både i leik og styrte aktivitetar. Barnehagen har kamera, videokamera, bærbare pcàr, digitalt mikroskop, lydopptaker o.a. Dette ynskjer me å bruke på ein fornuftig måte. Vanlege spelaktivitetar gjer me svært lite av, men finne opplysningar på nett, leikeskrive, ta bilete, laga film, undersøkje spennande ting i mikroskopet er døme på kva me gjer. Me nyttar også digitale verktøy i dokumentasjonsarbeid. Barna sine portefølgjer, sms-varsling og heimesida er i hovudsak retta mot heimane. Me har også eit system for dokumentasjon av den pedagogiske verksemda i barnehagen.
3. Pedagogikk: Torpo barnehage har i mange år vektlagt leiken som ein viktig læringsarena. Inspirert av Birgitta Knutsdotter Olofsson innførte barnehagen tre leikreglar, som framleis er gjeldande: *gje mykje tid til leik *ikkje forstyrre leik *delta ofte i leik Dersom ein tek leikreglane på alvor vil det også bety eit fokus på å ta barna på alvor. Rammeplanen seier at «leiken har ein sjølvskriven og viktig plass i barnehagen (….) den er ei grunnleggjande livs – og læringsform». Dette synet på leik ynskjer me å ha i Torpo barnehage. Barna leikar ut sine erfaringar og tankar. Deira interesser vil vera det beste utgangspunktet for vidare læring og me vaksne må gripe tak i dette.
Prosjektarbeid er ein viktig arbeidsmetode. Å arbeide tverrfagleg er ein naturleg del av det. Å starte eit prosjekt vil på mange måtar vera som å starte ei reise der ein ikkje veit heilt kvar ein skal innom på vegen eller kvar ein endar. Dette fordi barna skal vera den drivande parten – forskarane - og dei vaksne skal vera medforskarar. Dette er ein svært spennande og givande måte å arbeide på. Barna arbeider med prosjekt i barnegruppene og elles i kvardagen.
Rammeplanen har sju fagområder, som me arbeider med i månadane gjennom året. Dette betyr ikkje at det er berre dette fagområdet me arbeider med, men at me fokuserer ekstra på dette i kvardag og barnegrupper. Me bytter ut litteratur, skifter leiker og arbeidsmateriell og har dette i tankane gjennom heile perioden. Dette gir barna ulike opplevingar kvar einaste dag, og ikkje berre på dei dagane det står spesielle aktivitetar på planen. Me ynskjer ikkje å binde oss, difor vert månadsplanane og prosjektplanen berre ei ramme. Gjennom å variere med ulike fagområder knytt til månadane, sikrar me at alle fagområder vert dekt i løpet av eit år.
4.Visjon: Dette året er visjonen endra. Innhaldet er mykje det same, men me ville ha noko som «svinga meir» og som var lett å hugse. Visjonen skal synleggjera alle dei tre punkta over, slik at det vert samanheng. Me meiner den viser at me ser på barnet med respekt og at barnet sjølv har den viktigaste rolla i sitt liv. Utvikling og læring skjer best når ein er saman med andre barn og vaksne, i aktiv leik og dialog. Felles fokus er ein føresetnad for å få dette til.