styrar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Barne - og ungdomsarbeider
Assistent
Barne - og ungdomsarbeidar
Assistent
Fagarbeider
Assistent
(
21/08/2014
)
Pedagogikk: Barnehagen har stort fokus på barn si medbestemming og høve til å styre eigen kvardag. Sjå meir informasjon under fane pedagogikk. Bruk av IKT: Me er ein barnehage som nyttar digitale verktøy i stor grad i kvardagen. Me opplever at rett bruk av digitale verktøy både er spennande for barna og at dei lærer dette raskt. Dei digitale portefølgjene er eit eksempel, men og i forhold til dokumentasjon og pedagogisk dokumentasjon. Me nyttar og smart board som eit verktøy både i høve barn og foreldre. Digitalt mikroskop, videokamera, lydopptaker og kamera er andre verktøy me brukar aktivt. Guinnes-rekord: I forbindelse med 20-års jubileet, så sette me Guinnes rekord i verdens lengste trø-traktortog. I 8 minusgrader samla me 98 små traktorar, som tilsaman målte 109.5 meter. Amandus nominasjon: Barnehageåret 2005/06 arbeidde me mykje med film. Me lagde både animasjonsfilm og anna film. Ein av dei ("Hoppeknøttet og vennene hans") sendte me inn til Amandusfestivalen. Overraskelsen var stor då me faktisk vart nominerte i Juniorklassen. Filmfestival: Me arrangerte også dette året ein egen filmfestival i juni. Der viste me "På sporet av skatten" - ein spenningsfilm på ca 1 time. Den vart vist i ein fullsatt storesal på Ål kulturhuset. Ein film med barn foran kamera, bak kamera og i kulissane. Denne kan kjøpast på DVD ved å ta kontakt med barnehagen. Kavalkade: 30-års jubileet vart feira med ein stor kavalkade over dei siste 30 åra. Det var underholdning frå 3 scener, 33 barn var med på scena, over 100 kostymeskift og det heile varte i over 1,5 t. Me brukte film både for å rekontruere, dramatisere og parodiere ulike hendingar, i tillegg til live aktivitet på scena og i salen. Dette var med stor hjelp frå foreldra! Tusen takk til alle som hjalp uss. Resultatet er bevart for ettertida, med at det er laga ein dvd!
|
||||||