styrar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Barne - og ungdomsarbeider
Assistent
Barne - og ungdomsarbeidar
Assistent
Fagarbeider
Assistent
(
21/08/2014
)
Torpo barnehage ynskjer å sjå kvart enkelt barn og familie sitt behov, og gje individuell service i høve til det! Dette kan me gjera ved fleksibel opningstid, kjøpedag/byttedag og anna oppfølging etter avtale. Det gjer me gjerne innanfor kva me kan greie med våre rammer. Samarbeid: Me ser på foreldra som våre viktigaste samarbeidspartnarar. Samtaler ved bringing og henting er eit viktig møtepunkt, der tema som barnet, gruppa og barnehagen generelt er viktig. Me ynskjer ein open og ærleg dialog. Om hausten har me foreldresamtaler, der kontaktpersonen og foreldre set seg saman og pratar om korleis det går med barnet. Om våren er det familiesamtale. I familiesamtalene vert digital portefølgje brukt som utgangspunkt. Dette er ein power-point presentasjon som barnet lagar saman med dei tilsette, der barnet viser korleis dei har dei i barnehagen ved hjelp av lyd, bilete, film, tekst etc. Både barn og vaksne er stolte når det vert presentert i møtet! Elles avtalar me møter ved behov. Dette initiativet kan koma frå både tilsette og foreldre.
|
||||||