styrar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar
Barne - og ungdomsarbeider
Assistent
Barne - og ungdomsarbeidar
Assistent
Fagarbeider
Assistent
(
10/11/2015
)
Her kan de lesa meir om fokusområda våre for barnehageåret 2015-16. Informasjonen er henta frå årsplanen til Torpo barnehage.
FOKUSOMRÅDE
2015-16: I Torpo barnehage har me fleire område me vil setje
ekstra fokus på dette barnehageåret. Punkta merka med raudt er spesielt i fokus
2015-16.. Andre område ser me på som initiert i drift. Noko er bestemt frå Ål
kommune og noko er eigeninitiert: (Fleire av desse dokumenta vil de finne under
nyttige dokument på It`s learning.) Betre læring i Ål: Kvalitetsmål: Dette gjer me i barnehagen: Dokument og planar: Alle med
avvikande utvikling og
lærevanskar får hjelp i barnehage eller på småskuletrinnet. Alle har
reell framgang i språk –og
begrepsutvikling, lesing,
skriving og rekning. -Leik som den viktigaste metoden for læring. -Nære vaksne i leik og aktivitetar i kvardagen. -Arbeid etter steg 1, Felles løft: -Arbeid
etter steg 2, Felles løft: ·
Fokus på overgang barnehage – skule -Godt
samarbeid med hjelpeinstansar i kommunen. -Leikreglar og pedagogisk ramme. -Ettertrykksplan for fagleg kompetanse. -Godt språk! -Trasbok og skjema. -BU-hefte. -Kommunal plan for overgang -Møteplan for primærkontakt og tverrfaglege møter. Alle deltek
aktivt og får høve til å vise talent i minst eitt prosjekt innanfor det
utvida kulturomgrepet kvart år. -Ha ei open dagsrytme der barna har tid til å la
inntrykk koma til uttrykk. -Ha materiale og utstyr tilgjengeleg. -Nære vaksne som kan fange opp barnas interesser og
utvide dette. -Nytte digitale hjelpemiddel. -Dokumentere deltaking. Alle
er i fysisk rørsle kvar dag. Skuler/barnehagar legg til rette for eit miljø
som stimulerer til aktivitet og auka meistringskjensle i eit inkluderande
miljø. -Mykje tid til leik og aktivitet ute kvar dag. -Arbeide med vennskap og gode relasjonar,
sjå under. -Nære, trygge vaksne som kan motivere og støtte. -Vidareutvikle prosjekt knytta til
friluftsliv, sjå under. -Fokus
på barn sitt psykososiale miljø. (KUPP= KompetanseUtvikling av Pedagogiske Prosessar) -Plan mot mobbing og utestenging -Handlingsplan for 2015-16. Prosjekt
2015-16 Vårt
gjennomgåande prosjekt for barnehageåret 2015-16 er ei vidareutvikling av
satsinga på friluftsliv frå førre barnehageår. Me tek med oss aktivitetar me
hadde god erfaring med i fjor og tilfører nokre nye element. I tillegg set me
eit tydelegare fokus på vennskap og gode relasjonar. For alle barnehagane i
Hallingdal er det no laga ein plan mot utestenging og mobbing, som heiter «Sammen
i barnehagen». Denne planen vil me bruke aktivt og setje fokus på eit tema kvar
månad. Me meinar at friluftsliv og positiv samhandling er ein fin kombinasjon,
som me har prøvd å synleggjera i prosjekttittelen: ALLE MED PÅ
FERDEN - UT PÅ EVENTYR I VERDEN! Prosjekt positiv samhandling: «Alle med på ferden…» Tabellen under er ei konkretisering av tema me
arbeider med kvar månad gjennom året. Den er ikkje uttømmande ift innhald, men meir
meint som ein idèbank me vil byggje vidare på i samarbeid med barna og
foreldra. Me håpar at barnehage og heim saman kan arbeide med dette gjennom
året. Månad Tema Innhald Organisering Gjennomgåande Skikk og bruk (god folkeskikk) -Si hei/hadet på ein fin måte -Øve på versågod/takk/kan eg få -Rydde etter aktivitet og måltid -Behandle leiker og utstyr forsiktig -Invitere med andre i leik Her vil me varierer og kombinere ulike måtar å arbeide med temaet på: ·
Fokus
i kvardagen ·
Vaksne
som er tydeleg og tilstades ·
Samlingar
i grupper ·
Aktuelle
ord og begrep til temaet ·
Øvingar
og konkretisering ·
Filmar
og bilete ·
Boltreleik ·
Pedagogiske
opplegg Oktober Prate hyggeleg til kvarandre -Bruke namn på den ein pratar til -Seie positive, fine ting November Hjelpe kvarandre -Øve på å sjå om nokon treng hjelp -Øve på å spørje hyggeleg om hjelp Desember Glede kvarandre -Seie hyggelege ting til andre -Gjera gode ting for andre -Vise omsorg for andre Januar Følelsar -Kjenne på eigne følelsar -Øve på å tolke/sjå andre sine følelsar -Setje ord på følelsar Februar Følelsar -sjå januar Mars Sjølvkjensle -kunne hevde seg sjølv på passeleg måte.. -..men også gi plass til andre i gruppa -kva er eg god til? -kva er andre god til? April Sjølvkjensle -sjå mars Mai Hjelpe kvarandre -sjå november -øve på å setje seg i andre sin stad, empati Prosjekt friluftsliv: Ut på eventyr i
verden! Me ynskjer: å gje barna gode og spennande opplevingar knytt til
det å vera i fysisk aktivitet ute i skog og mark til alle årstider. at dette skal vera ein naturleg del av barnehagen
sitt kvardagsliv, der me nyttar mogelegheitene i nærmiljøet vårt. Me vil framleis ha fokus på tid til leik
og at barna er medbestemmande, men har også i prosjektet lagt nokre rammer som
me vil ha med oss:
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||